Hopp til hovudinnhald

Praksismobilitet

Gjennom Erasmus+ har studentar moglegheit til å reise på praksisopphald til land både i og utanfor Europa. Praksismobilitet er mogleg både innanfor KA131 og KA171.

Sist oppdatert : 16. desember 2025

Kva er praksismobilitet?

Praksismobilitet er ein del av Erasmus+-programmet som gjev studentar høve til å gjennomføre eit praksisopphald i ei verksemd, organisasjon eller institusjon i eit anna land. Opphaldet kan vere i Europa eller i partnarland utanfor Europa, og kan inngå som ein del av utdanninga eller gjennomførast etter fullført grad.

Formålet med praksismobilitet er å:

  • gje studentar relevant arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • styrkje kompetansen og ferdigheitene som er etterspurde i arbeidslivet
  • bidra til auke internasjonal erfaring og forståing

Praksismobilitet kan gjennomførast både innanfor KA131 (mobilitet i Europa) og KA171 (global mobilitet).

Nasjonal målsetting

Noreg har som mål å auke bruken av praksismobilitet, jamfør Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det Europeiske utdanningsområdet lansert i 2021.

Trass i positiv framgang ligg vi framleis etter andre land, og potensialet er stort for å styrke bruken av praksismobilitet.

Krav til deltaking

Kven kan delta?

For å delta i Erasmus+ må studenten

  • vere registrert ved ein norsk institusjon som har eit "Erasmus Charter for Higher Education» (ECHE)
  • vere registrert på eit gradstudium, anten på bachelornivå, masternivå eller doktorgradsnivå

Det er og mogleg å reise i løpet av første året etter avslutta grad så lenge praksisopphaldet er avtalt før graden er avslutta.

Utveljing av deltakarar

I tråd med programguiden for Erasmus+, bør institusjonane ha interne utveljingsprosedyrar som tek omsyn til lik behandling og inkludering. Søkjarane bør vurderast heilskapleg - både merittar og motivasjon - og det skal leggjast til rette for like moglegheiter. Dette bidreg til at fleire studentar frå underrepresenterte grupper kan delta.

Institusjonane kan framleis bruke kriterium som karaktersnitt og studieprogresjon, men desse bør balanserast med omsyn til inkludering og ei brei vurdering av søkjaren sin motivasjon og bakgrunn.

Når det gjeld normert studieprogresjon, er det viktig å ta omsyn til studentar som studerer på deltid. Det kan vere ulike grunnar til at ein student ikkje kan studere på fulltid, til dømes omsorgsansvar eller funksjonsnedsetjing. Institusjonane bør ta dette med i vurderinga når dei ser på studieprogresjon.

Tilatne aktivitetar og varigheit

Lengde på opphaldet

Praksisopphald kan ha ei varigheit på inntil 12 månader per gradsnivå. For integrerte femårige studieløp er maksimumsgrensa 24 månader.

Studentar kan reise ut frå fyrste studieår, og praksisopphaldet kan òg gjennomførast i løpet av det fyste året etter fullført grad.

Varigheit

  • Langtidsmobilitet: 2 - 12 månader
  • Korttidsmobilitet: 5 - 30 sagar (gjeld doktorgradskandidatar og blanda mobilitet - sjå neste avsnitt)

Ved berekning av stipend i Beneficiary Module:

  • Lantidsmobilitet: kvar månad reknast som 30 dagar (også februar)
  • Korttidsmobilitet: stipendet reknast dag for dag (februar vil då ha 28/29 dagar)

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet er ein mobilitetsform som kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent. Denne kombinasjonen gjer det mogleg å delta i Erasmus+ sjølv om ein ikkje kan vere lenge fysisk til stades, og er særleg viktig for å inkludere studentar frå underrepresenterte grupper.

Krav til blande mobilitet

  • Minimum fysisk opphald har same varigheit som nemnt ovanfor
  • Den virtuelle delen kan leggjast før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten
  • Ved korttidsmobilitet (under 30 dager) er den virtuelle delen obligatorisk, med unntak for doktorgradsstudentar

Praksisopphald etter fullført grad

Studentar som ønskjer å gjennomføre praksisopphald etter fullført grad («recent graduate») skal avtale dette med heiminstitusjonen i løpet av sitt siste studieår, og praksisopphaldet må gjennomførast innan 12 månader etter at graden er avslutta. Den høgare utdanningsinstitusjonen kan velje bort moglegheita til å tilby praksisopphald etter fullført grad. Praksisopphald etter fullført grad reknast med som eit utvekslingsopphald innan det studienivået som studenten nyleg fullførte ein grad i, og blir talt med i dei 12 månadene ein student kan være på Erasmus-utveksling per studienivå.

Praksisopphald etter fullført grad kan godkjennast ved å førast på vitnemål eller Diploma Supplement, men dette er ikkje eit krav. Godkjenning av slike praksisopphald kan og godkjennast av heiminstitusjonen gjennom utfylling av «Europass Mobility Document» eller andre stadfestingar. Det er viktig at studenten får god og tydeleg dokumentasjon på gjennomført praksis dersom opphaldet ikkje dokumenterast på vitnemål eller Diploma Supplement.

Praksisavtalen fyllast ut på vanleg måte.

Institusjonen må sjølv vurdere korleis desse studentane best kan registrerast og handterast reint praktisk. Ein måte å registrere dei på er å opprette ei poststudierett eller annan type eittårig studierett for studenten når studieretten på gradsprogrammet går ut. Deretter skal det registrerast i FS at studenten er på praksisopphald i den aktuelle perioden. Vi anbefaler òg at utdanningsinstitusjonane avklarar internt kven som har oppfølgingsansvar for praktikantar som reiser ut etter fullført grad – om det er internasjonalt kontor eller fakultetet/instituttet praktikanten avla graden ved.

Kombinert studie- og praksisopphald

For kombinasjonsopphald må det gjerast endringar i stipendavtalen for studiar eller praksis, slik at det blir tydeleg at den gjeld for eit kombinasjonsopphald, og slik at informasjonen som ulykkes- og ansvarsforsikring frå praksisavtalen kjem med. Det må og lagast ei tilpassa læringsavtale som sørger for at innhaldet i både studiedelen og praksisdelen av utvekslingsopphaldet inkluderast og avtalefestast.

Det er sendarinstitusjonen som avgjer korleis det kombinerte utvekslingsopphaldet skal leggjast opp, og korleis fordelinga mellom vanlege studiar og praksis skal vere for at sendarinstitusjonen skal kunne godkjenne opphaldet. Dei vanlege krava til praksisopphald gjeld (kor studenten kan være i praksis og liknande).

Fleire Erasmus+-mobilitetsopphald?

Studentens mobilitetsopphald kan vare i inntil 12 månader på kvart gradsnivå (bachelor-, master- og doktorgrad). Studentar som gjennomfører eit integrert, femårig studieløp, kan vere på mobilitetsopphald i inntil 24 månader.

Det er mogleg å dele dei 12 månadene opp i fleire mobilitetsopphald, men kvar mobilitetsperiode må oppfylle kravet til minimumslengde for dei ulike utvekslingstypane og eventuelle andre gjeldande kriterium. Studentane kan altså ha mange enkeltståande mobilitetsopphald, men desse kan ikkje ha ei total lengde ut over 12 månader per gradsnivå.

To eller fleire mobilitetssopphald same år (for eksempel eit opphald på 8 månader og eit på 3 månader) skal rapporterast som separate mobilitetar.

Praksisopphald etter fullført grad skal teljast saman med eventuelle andre utvekslingsopphald studenten har frå det studienivået studenten har avslutta grada si innanfor.

Forbode mot dobbeltfinansiering

Studentane kan ikkje ta imot Erasmus+-stipend for både studieopphald og praksisopphald samtidig. Dette blir rekna som dobbeltfinansiering. Studentane kan få stipend for studieopphald og praksisopphald same semester, så lenge opphalda ikkje overlappar.

Kvar kan praksisopphaldet gjennomførast?

Bedrifter, organisasjonar, institusjonar, ambassadar og faste delegasjonar til EU-land, Island, Liechtenstein, Nord- Makedonia eller Tyrkia, samt partnarland for prosjekt under Global mobilitet KA171 eller gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131. Unntak er EU-institusjonar og nasjonalkontor for Erasmus+.

Forsikring og politiattest

Forsikring for studentar på praksisopphald

Det er viktig at studentar og praktikantar er forsvarleg forsikra under deira opphald. Retningslinjene i Erasmus+ programmet i denne samanheng er at studentane må ha tilstrekkeleg forsikringsdekning, og det er obligatorisk å inkludere organiseringa av denne i stipendavtalen med studenten.

I tillegg til helseforsikring, må praktikanten ha ulykkesforsikring og ansvarsforsikring. Studenten kan forsikrast av sendarinstitusjonen, bedrifta/organisasjonen vedkommande skal ha praksis i, eller ved å tekne eigne forsikringar. Dersom verken studenten eller praksisplasstilbydaren er i stand til å skaffe ulykkes- og ansvarsforsikring tilrår HK-dir at sendarinstitusjonen ikkje lar studenten reise på praksisopphaldet. Institusjonane kan nytte OS-midlar til å dekkje forsikringskostnader dersom forsikring ikkje blir dekka av mottakarinstitusjon.

Dei fleste forsikringsselskap har forsikring for studentar som er på utanlandsopphald, men ansvarsforsikring i samband med arbeid er sjeldan inkludert i desse. I nokre tilfelle dekkjer bedrifta/arbeidsplassen ansvarsforsikring for studenten, men det er då viktig at studenten sjekkar om det er tilstrekkeleg.

Eksemplar på forsikringar som inkluderer ulykkes- og ansvarsforsikring for nokre praksistypar:

  • ANSA sin studentforsikring tilbyr ulykkes- og ansvarsforsikring for praksisarbeid. Forsikringa kan og nyttas av studentar på praksisopphald etter fullført grad.
  • Norsk Sykepleierforening (NSF) tilbyr ansvarsforsikring for sine studentmedlemmer

Politiattest (innreisande studentar)

Studentar som gjennom praksis eller klinisk undervisning kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper, skal ifølgje norsk lov framleggje politiattest. Dette kravet gjeld òg for innreisande studentar.

Slik går innreisande studentar fram for å få politiattest

  • De har ikkje adgang til å krevje politiattest frå studentens heimland, og studentar kan heller ikkje frivillig leggje fram attest frå andre land
  • Innreisande studentar kan i staden søkje om norsk politiattest, sjølv om dei ikkje har opphalde seg i Noreg tidlegare. Det er ikkje krav om botid for å få politiattest, med mindre dette er særskilt heimla i lov, jf. politiregisterloven § 36.
  • Studentar som ikkje har elektronisk ID (BankID, MinID, osv.) kan ikkje søkje digitalt og må i staden sende søknad per post

For å få norsk politiattest må studenten

  1. fylle ut ut søknadsskjema for politiattest. Sjå politiet.no.
  2. leggje ved
    1. gyldig legitimasjon (t.d. kopi av pass)
    2. skriv frå vertsinstitusjonen som stadfester at studenten skal delta i praksis eller klinisk undervisning der det er krav om politiattest
  3. sende søknaden til
    1. Politiets enhet for vandelskontroll og politiattestar, postboks 113, 9951 Vardø

Attesten blir sendt til studenten per post, og vil normalt vere utan merknader dersom studenten ikkje har opphalde seg lenge i Noreg.

Unntak frå kravet om politiattest

Det kan gjerast unntak frå kravet om politiattest viss årsaka til at studenten ikkje har lagt fram politiattest er utanfor kontrollen deira. De må i så fall varsle praksisstaden om at den aktuelle studenten får delta i praksis utan å ha lagt fram politiattest, slik at praksisstaden kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande.

Unntaket frå kravet om politiattest må praktiserast strengt, då omsynet til dei sårbare gruppene som kravet om politiattest er meint å verne vegar så tungt at viss ikkje den aktuelle samarbeidsinstitusjonen kan gå god for vandelen til studenten eller at praksisstaden ikkje kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande, bør normalt ikkje vedkommande ha moglegheit til å ha praksis eller delta i klinisk undervisning der det er krav om politiattest for å delta.

Avtalar og dokumentasjon

Læringsavtale

Dersom det blir laga ein kontrakt eller arbeidsskildring med arbeidsplassen i tillegg til læringsavtalen, bør dette visast til i læringsavtalen.

Informasjonen som blir etterspurt i læringsavtalen er å rekne som eit minimum, og ein kan be om ytterlegare informasjon ved behov. Det er mogleg å tilpasse praksisavtalen til eige behov, til dømes tilpassing av skrifttypar, skriftsstorleik, fargebruk og størrelse på tekstboksar.

For informasjon om korleis du skriv læringsavtalen, sjå “Guidelines on how to use the learning agreement for traineeships” (europa.eu).

Erasmus Student Charter

"Erasmus Student Charter" gjev informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter.

De skal informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.

Godkjenning og dokumentasjon

Vitnemålstillegg og studiepoeng

Praksisopphaldet skal dokumenterast i vitnemålstillegg ("Diploma supplement"). I tillegg tilrår HK-dir at opphaldet blir vurdert med studiepoeng (ECTS). Som ei retningslinje kan ein nytte 1,5 ECTS per arbeidsveke (til dømes 20 veker = 30 ECTS), men det kan òg vere grunnlag til annan utrekning.

I enkelte tilfelle kan ei beskriving i vitnemålstillegget vere tilstrekkeleg dokumentasjon, utan tildeling av ECTS. Dette gjeld særleg når:

  • praksisopphaldet inngår som ein uspesifisert del av ein større modul i eit bechelor- eller masterprogram, og ikkje kan målast i ECTS
  • opphaldet ikkje er innlemma i studieprogrammet, til dømes gjennomført i sommarferien eller etter avslutta grad
  • andre tilfelle der praksisopphaldet ikkje kan reknast om til ECTS

Praksisopphald som gjennomførast etter enda grad

Godkjenning kan anten bli gitt på same måten som for praksis som skal inngå i graden, eller ved at heimeinstitusjonen stadfestar praksisopphaldet ved å fylle ut og signere Europass Mobility Document.

Forlenging, endringar og avbrot

Forlenging av praksisopphaldet

Sendarinstitusjonen kan forlengje opphaldet dersom mottakarinstitusjon eller praksisplassen er samde, og når følgjande forhold er oppfylt:

  • det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar der mottakarinstitusjonen er stengd. Dersom det er opphald mellom periodane, skal det grunngivast av sendarinstitusjonen og godkjennast av HK-dir.
  • forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengjast ut over maksimumsvarigheita på 12 månadar per gradsnivå.

Endringar i mobilitetsperioden

Avvik på inntil fem dagar

Eit avvik på opp til fem dagar i mobilitetsperioden sin varigheit er tillete for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd.

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på opp til fem dagar, er det ikkje naudsynt å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord ingen betydning for studenten eller stipendet.

Dersom eit avvik på opp til fem dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt lengre ned på denne sida).

Avvik på meir enn fem dagar

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på meir enn fem dagar, er det naudsynt å justere mobilitetsperioden i "Beneficiary Module" og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet.

Ved varigheitsendring på meir enn fem dagar, vil stipendbeløpet bli justert i samsvar med den faktiske mobilitetsperioden.

Her kan det og vere aktuelt å tildele "zero grant" for dei ekstra dagane som overstig den planlagde perioden, og dette skal reflekterast i den reviderte stipendavtalen.

Avbrote mobilitetsopphald

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avhenger av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer og kva årsaka er til at studenten avbryt opphaldet. De kan lese meir om dette i kontrakten mellom institusjonen dykkar og HK-dir.

Avbrot etter minimumvarigheit

Dersom ein student avbryt utvekslingsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten behalde stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling.

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, gjer institusjonen endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og reknar stipendet ut på nytt slik at summen blir rekna ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgjande to scenario for studenten:

  • Dersom studenten har fått utbetalt ein høgare sum enn summen for den endelege stipendutrekninga ved utvekslingsoppholdets start, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det forhandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.
  • Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for den endelege stipendutrekninga, får studenten enten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller inga ny utbetaling.

Avbrot før minimumsvarigheit

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumsvarigheita på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet vere avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten få behalde heile eller delar av stipendet. Det er HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure», så de må ta kontakt med oss så raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure».

Viss me vurderer at saka kan vere eit tilfelle av "force majeure", vil me sende dykk søknadsskjemaet som heiter "Søknad om å kunna visa til force majeure". I dette skjemaet skal de fylla ut informasjon om lærestaden, prosjektnummer og mobilitetsnummer. Vidare skal de beskriva situasjonen som har oppstått, om forsikringsselskapet er kontakta og kor mykje av stipendet de søkjer om at deltakaren skal få behalde. Beløpet skal oppgivast i euro.

Me gjer dykk merksame på at søknader som blir sendt inn seinare enn 6 månader etter heimkomsten til deltakaren vil bli avviste. Dokumentasjon/kvitteringar på utgifter ut over dei dagane deltakaren var fysisk på mobilitet skal sendast saman med søknaden.

Ikkje under nokon omstende skal de oppgi informasjon som gjer det mogleg å identifisera mobilitetsdeltakaren!

Når søknadsskjemaet er returnert til oss, vil saka bli teken vidare til ein eigen "force majeure"-gruppe ved HK-dir. Vedtak vil bli sendt til dykk kort tid etter at saka er ferdigbehandla i denne gruppa

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, og for dei dagane studenten var ute. Årsaker til at studentane avbryt opphaldet sitt kan vere så mangt; heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, osb. Det er derfor viktig at de forbereder studentane godt på utanlandsopphaldet, slik at sjansen for avbrot blir minst mogleg. Dersom ein student likevel ønsker å avbryte opphaldet, er det viktig at de informerer studenten tydeleg om konsekvensane og prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Send e-post til oss dersom det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

Rapportering

Deltakarrapport

Etter at utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten som deltakarane skal fylle ut, blir sendt på e-post direkte frå Beneficiary Module.

Data frå deltakarrapportane blir generert og inngår som ein del av sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen.

Gå direkte til "Beneficiary guide" (europa.eu) kor de finn meir informasjon om deltakarrapporten.