European Student Card Initiative
Digitaliseringa av dei administrative prosessane knytt til mobilitet i Erasmusprogrammet og det digitale studentkortet «European Student Card», går under det samla omgrepet «the European Student Card Initiative» (ESCI).
Sist oppdatert : 31. oktober 2023Kva er European Student Card Initiative?
Digitaliseringa av dei administrative prosessane knytt til mobilitet i Erasmusprogrammet og det digitale studentkortet «European Student Card», går under det samla omgrepet «the European Student Card Initiative» (ESCI).
ESCI er initiert av Europakommisjonen og har som mål å forenkle dei administrative prosessane gjennom:
- ein online «one stop shop» for studentar via Erasmus+-appen, der studentane sjølv kan administrere alle stega før, under og etter sitt eige mobilitetsopphald.
- å digitalisere administrative prosedyrar for institusjonane og effektivisere elektronisk utveksling av studentdata ved å kople opp systema via «Erasmus Without Paper»-nettverket (EWP-nettverket).
- etablere ein felles europeisk studentidentitet og gjøre det mogleg å verifisere studentstatus på tvers av Europa gjennom European Student Card (ESC).
Ressursar
- ESCI Service Desk (atlassian.net). Meld inn tekniske problem, hjelp og rettleiing, foreslå endringar og forbetringar.
- European Student Card Initiative (europa.eu). EU si offisielle side med informasjon om ESCI.
- EUF Knowledge Base (atlassian.net ). Teknisk informasjon til universitet og høgskular om dei ulike verktøya.
- ESCI YouTube (youtube.com). Opptak frå tidlegare webinar og arrangement.
Kontakt Lene Krogh Baldersheim ved HK-dir for meir informasjon om ESCI.
Vegkart
Alle høgare utdanningsinstitusjonar er forventa å implementera tiltaka i ESCI i ny programperiode.
Inter-institusjonelle avtalar - IIA
Det er eit mål at inter-institusjonelle avtalar skal signerast digitalt frå 2023.
Aktive IIAs på papir, eller IIAs som er forlengt via e-post, held fram med å vera gyldige etter 31.12.22, fram til ein digital avtale er signert. Det kjem til å bli sett eit mål for å konvertera allereie signerte avtalar til EWP-kompatible IIAs. Dette målet vil bli sett gjennom den nye styringsstrukturen i EWP, og ved ein konsultering av alle relevante partar, for å sikra ein gjennomførbar overgangsfase.
For at ein IIA skal vera gyldig (som godkjent av kommisjonen innan ESCI) må han vera utveksla gjennom EWP og godkjent av begge partar. E-signaturar er ikkje nødvendig. Hugs å ha delegasjonsstyresmakter på plass internt for signering av avtalar.
Læringsavtalar (learning agreement) - LA
Det er eit mål at learning agreement skal gjerast digitalt og via EWP frå 2023.
Blir late som allereie er signert på papir er framleis gyldige etter 1. januar. Dersom partnaren ikkje er klar for å utveksla LAs digitalt kan det gjerast på papir. Institusjonane blir oppmoda til å gjennomføra digitale LAs der dette er mogleg.
Etter kvart vil òg nominasjonar og karakterutskrift blir gjord digitalt via EWP.
Vi anbefaler at de involverer juristar og/eller personvernombod når de skal implementere dei nye digitale tenestene. Det er dei som har ansvar for å vurdere personvernet og sikkerheita til tenestene som de tek i bruk.