Hopp til hovudinnhald

Europeiske lærarakademi

Erasmus+ Teacher Academies er eit partnarskapsprogram med intensjon om å skapa nettverk som omfattar lærarutdanningsinstitusjonar og lærarorganisasjonar.

Kven kan søke

Søkjer må vere ein lærarutdanningsinsitusjon. Søkjar og alle deltakande organisasjonar må vere registrert i eit Erasmus+ land. Sjå Programguiden del A for informasjon om kva land som er gyldige som deltakarar. Døme på organisasjonstypar som kan delta (ikkje uttømmande liste):

  • Lærarutdanningsinstitusjonar som utdannar lærarar til ISCED-nivå 0-3, samt yrkesfaglærarar. Det vil seie høgskular, institutt eller universitet som tilbyr innleiande lærarutdanning og/eller etter- og vidareutdanning.
  • Offentlege forvaltningsorgan som er ansvarlege for utdanningspolicy, til dømes departement, direktorat etc.
  • Offentlege eller private organ som er ansvarlege for å utvikle policy for lærarutdanning, samt utvikle standardar for lærarutdanning. Det kan vere på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå.
  • Lærarorganisasjonar eller andre nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling.
  • Myndigheiter ansvarlege for utdanning og opplæring av lærarar, samt tilsyn av vidare profesjonsutvikling og kvalifikasjonar hjå lærarar.
  • Skular som samarbeider med lærarutdanningstilbydarar for å mogleggjere praksis som del av lærarutdanninga.
  • Andre skular eller organisasjonar med relevans for prosjektet. Det kan til dømes vere skuler frå grunnskule til innleiande yrkesfagopplæring, og organisasjonar som NGO-ar eller lærarorganisasjonar.

I tillegg må eit Erasmus+ Lærarakademi bestå av minst 6 fullverdige partnarar frå minst 4 Erasmus+-land (inkludert minst 3 frå EU medlemsland). Av desse må minst 4 vere nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning, og desse må vere frå 3 forskjellige Erasmus+-land. I tillegg må minst 1 partnar vere nasjonalt anerkjend tilbydar av vidare profesjonsutvikling for lærarar (EVU), og minst 1 partnar vere praksisskule.

Erasmus+-landa inkluderer i tillegg til dei 27 EU-landa, dei tre EFTA-landa som vert omfatta av EØS-avtalen: Norge, Island og Liechtenstein. I tillegg kjem Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.

Ver merksam på at det inntil vidare er avgrensingar på kva for ungarske institusjonar som kan delta, ref. Council Implementing Decision (EU) 2022/2506 of 15 December 2022 on measures for the protection of the Union budget against breaches of the principles of the rule of law in Hungary. Sjå lista over institusjonar som er omfatta av rådsbeslutninga.

Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

Søknadsfrist

26. mars 2025 kl. 16.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Kva kan du søke støtte til?

Ein kan søkje om midlar til å opprette europeiske lærarakademi (Erasmus+ Teacher Academies). Det vil seie partnarskap mellom institusjonar/organisasjonar av typen som er nemnd over.

I partnarskapa skal ein implementere eit samanhengande og omfattande sett med aktivitetar som støtter oppunder målsetnadane for tiltaket (sjå lenger ned under Meir informasjon om tiltaket).

For utfyllande forklaring og døme på slike aktivitetar, sjå Erasmus+ Programme guide under "setting up a project" (s. 237-238).

Slik søker du

Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).

Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.

Slik behandlar vi søknaden

Lærarakademia er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjektene etter oppstart.

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no