Enkeltståande mobilitetsprosjekt
Enkeltståande mobilitetsprosjekt rettar seg mot aktørar som ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Tiltaket er tilpassa dei som søker om midlar frå Erasmus+ for første gong, men kan òg vere eit godt alternativ om ein berre ønsker å delta ei avgrensa mengd gonger.
Sist oppdatert : 19. november 2024Målet med enkeltståande prosjekt
Målet med enkeltståande mobilitetsprosjekt er å styrke den internasjonale dimensjonen og auke kvaliteten i utdanning og opplæring i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, fagskular eller organisasjonar som tilbyr opplæring for vaksne. I søknaden skal søkar fokusere på behov og strategiske mål, slik at prosjektet vert integrert i det lokale utviklingsarbeidet ved institusjonen.
Samstundes skal enkeltståande prosjekt vere ein enklare inngangsport til å drive mobilitetsprosjekt, og søknadsskjemaet er enklare enn for andre tiltak.
Læringsmobilitet for elevar, lærlingar og deltakarar i vaksne si læring skal mellom anna medverke til å fremme verdien av mangfald og inkludering samt toleranse og medborgarskap.
Læringsmobilitet for tilsette gir lærarar, pedagogisk personale og andre tilsette moglegheit til å heve kompetansen sin, utveksle erfaringar med kollegaer i andre land samt styrke sine ferdigheiter og kvalifikasjonar.
Kven kan søke?
Søkar må:
- Vere ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, fagskule eller organisasjon som tilbyr vaksenopplæring.
- Vere ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
- Vere ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
- Ha tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.
Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).
Avgrensingar for kven som kan søke:
- Ein og same institusjon kan maksimalt ha tre enkeltståande mobilitetsprosjekt i løpet av ein periode på fem år.
- Ein og same institusjon kan berre søke om eitt enkeltståande prosjekt per utlysing.
- Ein kan ikkje søke dersom institusjonen eller organisasjonen allereie har ei Erasmus+- akkreditering.
Kva kan ein søke støtte til?
Ein kan søke støtte til ei lang rekke mobilitetsaktivitetar, inkludert jobbskugging og kurs for tilsette, mobilitet for elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring og fagskulestudentar. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de skal reise på søknadstidspunktet. Du finn meir informasjon om moglegheitene for læringsopphald i dei ulike sektorane i boksane lengre ned på sida.
Dei deltakande institusjonane skal aktivt fremme inkludering og mangfald, berekraft og digital utdanning. Dette kan ein gjere gjennom å vekke bevisstheit om temaa blant deltakarane og ved å velje passande design for deira aktivitetar.
Prosjektmidlane skal bidra til å dekke reisekostnader, kost og losji samt eventuelle kursavgifter. Institusjonane får òg ei administrativ støtte for kvar deltakar som reiser. Sjå programguiden for Erasmus+ for spesifisering av satsar.
Når ein søker om enkeltståande prosjekt, kan ein maksimalt få innvilga 30 mobilitetar per prosjekt, og prosjekta har ei varigheit på mellom 6 og 18 månader.
Kor mykje støtte kan du få?
Når ein søker, oppgir ein antal deltakarar som i løpet av prosjektperioden skal gjennomføre eit mobilitetsopphald. For informasjon om kor mykje du kan får per mobilitet, sjå satsane i programguiden for Erasmus+.
Om søknaden og rapportering
Korleis sende inn søknad
- For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte .
- Institusjonen eller organisasjonen som søker må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.
- Finn søknadsskjema for KA122 – SCH (skule og barnehage), VET (fag- og yrkesopplæring) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities» i Erasmusportalen.
Innhald i søknaden
- Her må du svare på spørsmål om din institusjon eller organisasjon, dykkar målsettingar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
- Søknaden kan skrivast på norsk.
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriterium i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.
Sjå elles opptak av vårt webinar med informasjon om enkeltståande prosjekt innanfor dei ulike sektorane (YouTube).
Prosjekta må sende inn sluttrapport etter avslutta prosjekt. I tillegg må ein ta vare på og kunne dokumentere at læringsmobilitetane har funne stad.
Gyldige aktivitetar
For elevar:
Gruppeutveksling for elevar vert gjennomførte ved ein vertsskule i eit anna programland i Erasmus+.
- Programmet for opphaldet skal utviklast saman med denne skulen og må involvere aktivitetar der elevane ved dei to skulane samarbeider og lærer saman.
- Programmet kan innehalde programpunkt utanfor vertsskulen, som til dømes besøk til kulturelle og/eller historiske attraksjonar, men dette skal vere integrert i programmet som er utvikla i samarbeid med vertsskulen og skal gjennomførast saman med elevar frå vertsskulen.
- Opplegg som fullt ut eller i stor grad er utarbeidd av kommersielle aktørar, til dømes språkskular, er ikkje gyldig. Dette gjeld òg opplegg som i liten grad involverer samarbeid mellom elevar på tvers av dei to samarbeidande skulane.
Individuell mobilitet gir enkeltelevar moglegheiter til å hospitere ved ein skule eller ein annan eigna institusjon i eit anna land for ein kortare eller lengre periode.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for en lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finst her: Mobility for pupils and staff in school education
For elevar, lærlingar og fagskulestudentar:
- Deltaking i yrkeskonkurransar med ein internasjonal dimensjon
- Kortare individuelle mobilitetsopphald
- Lengre individuelle mobilitetsopphald
- Gruppemobilitet
Ver merksam på at gruppemobilitet berre er gyldig for yrkesfagelevar i vidaregåande skule.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for en lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finst her: Mobility for learners and staff in vocational education and training
For deltakarar i vaksenopplæringa:
- Gruppeutveksling
- Individuell læringsmobilitet
Felles for begge aktivitetar er at dei mogleggjer deltaking i internasjonale kompetansehevande aktivitetar. Sjå programguiden for Erasmus+ for ytterlegare definisjonar av aktivitetane.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for ein lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finst her: Mobility for Learners and Staff in Adult Education