Hopp til hovudinnhald

Aktivt medborgarskap i Erasmus+

Aktivt medborgarskap er ei av dei overordna prioriteringane som skal prege alle aktivitetane i Erasmus+ 2021–2027.

Sist oppdatert : 16. juni 2026

Erasmus+-programmet skal bidra til å heve kunnskapsnivået og medvitet om demokrati og om europeiske prosessar som verkar inn på livet til alle europearar. Dette er grunngitt i europearane si avgrensa deltaking i demokratiske prosessar og deira manglande kunnskap om EU.

Programmet støttar derfor aktivt medborgarskap innanfor livslang læring, og fremjar utviklinga av sosial og interkulturell kompetanse, kritisk tenking og mediekompetanse.

Prioritet blir gitt til prosjekt som

  • tilbyr moglegheiter for folk si deltaking i det demokratiske livet
  • støttar sosialt engasjement og aktivt medborgarskap gjennom formelle eller ikkje-formelle læringsaktivitetar

Rettleiing frå Europakommisjonen

På ungdomsområdet har Europakommisjonen utarbeidd ein strategi for unge si deltaking. Han har som formål å styrkje ungdom si demokratiske deltaking. Strategien har òg som mål å betre kvaliteten på unge si deltaking i programmet, og supplerer sentrale EU-dokument om ungdomspolitikk, som EU-strategien for unge og EUs ungdomsmål.

Korleis kan norske aktørar bruke Erasmus+ til å jobbe med demokrati og medborgarskap?

I denne videoen fortel idéhistorikar og professor Eivind Engebretsen korleis Universitetet i Oslo gjennom to ulike Erasmus+-prosjekt har utvikla ein metode for å setje demokratiske kjerneomgrep til debatt blant studentar frå ulike europeiske land.

Du møter òg utdanningsleiar Christiane Skahjem, som deler erfaringane sine med korleis dei som skule har arbeidd strategisk for å integrere demokrati og medborgarskap i sitt internasjonaliseringsarbeid – med mål om å styrkje både elevane og skulen sitt samfunnsengasjement.

Verktøy og plattformer knytte til aktivt medborgarskap