Endringsprosedyrar
Endringar av kontaktpersoner, kontaktinformasjon (e-postadresse), legal representative eller Erasmus Policy Statement (EPS).
Sist oppdatert : 4. september 2024Slik går du fram
Endring på institusjonsnivå
Kommisjonen har oppretta ei nettside om kva du skal gjere når det skjer endringar på institusjonsnivå: How to report a change of legal status of your ECHE-holding institution | Erasmus+ (europa.eu)
Endring av "legal representative"
Namn, tittel, fødselsdato og dato for tiltreding sendast til erasmus@hkdir.no .
Vi i HK-dir vil registrere ny "legal representative" i systema våre. Data herifrå vil bli overført til Beneficiary Module.
Endring av Erasmus+-kontaktperson knytt til ECHE-søknaden ("Primary Coordinator Contact" - PCOCO)
Kommisjonen skal kontaktast ved endring av den primære kontaktpersonen knytt til ECHE-søknaden.
Fullt namn og e-postadressa til den nye kontaktpersonen og ECHE-koden skal meldast på e-post EACEA-ECHE@ec.europa.eu med kopi til erasmus@hkdir.no .
Den primære kontaktpersonen har tilgang til å leggje til og fjerne personar direkte i "Funding & Opportunities"-portalen (europa.eu). Følg stien: «my proposals», selection of the ECHE proposal, «actions», «manage consortium».
Endring av Erasmus+-kontaktperson (ikkje knytt til ECHE-søknaden)
Namn på ny Erasmus+-kontaktperson sendast til erasmus@hkdir.no
Vi i HK-dir vil registrere ny "Erasmus+-kontaktperson" i systema våre. Data herifrå vil bli overført til Beneficiary Module.
Erasmus+-kontaktperson kan fjerne og leggje til andre kontaktpersonar i dei ulike Erasmus+-prosjekta de administrerer i Beneficiary Module.
Endring av OLS-kontaktperson
De kan sjølv fjerne og leggje til kontaktpersonar i dei ulike Erasmus+-prosjekta de administrerer i Beneficiary Module.
Endring av "Erasmus Policy Statement" (EPS)
Oppdatert EPS med spor endringar skal sendast til erasmus@hkdir.no .
De må hugse å publisere den oppdaterte versjonen av EPS på nettsidene deira.
Endring av e-postadresse
Oppdatere e-posten i alle prosjekt i Beneficiary Module
Oppdatere e-posten knytte til OID i Erasmus-portalen (europa.eu) under "Organisations"
Oppdatere e-posten knytt til PIC i Funding and Tenders-databasen (europa.eu)
Oppdatere EU-Login (europa.eu)