Hopp til hovudinnhald

European Student Card Initiative (ESCI) – status 2025 og planar vidare

Kva er status for arbeidet med ESCI? Vi får høyre korleis ulike aktørar og grupper arbeider med initiativet både i Noreg og Europa, og kva som er tenkt framover.

Tidspunkt: 19. november 2025 kl. 09.00- 19. november 2025 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Vi har invitert sentrale aktørar i arbeidet til å gi ei oppdatering om kva diskusjonar som pågår og kva arbeid som blir gjort og kva som blir planlagd framover. Vi legg opp til ei uformell informasjons- og erfaringsdeling og det vil bli mogleg å stille spørsmål og gi innspel til arbeidet vidare.

Innleiarar:

Kommisjonen og nasjonalkontoret sitt arbeid, v/Lene Krogh Baldersheim, HK-dir

Kva er nytt og kva skjer framover? v/Elisabeth Fennefoss Balchen, UiA og Lise Bakke Brønbo, OsloMet, medlemmer av European University Foundation EUF

Business Process Owner – Standing Expert Group (BPO), v/Kristin Torp Skogedal, UiB

Arbeidsgruppe Sikt – Mobility Online, Sikt (TBC)

Arbeidsgruppe for digital infrastruktur i universitetsalliansane, v/Freddy Berstad, NTNU og leiar for arbeidsgruppa

Informasjon frå ESCI Champion-arbeidet, v/Robin Verkerk, NTNU, som er Noregs ESCI Champion 2025-2027

Sektoren si uformelle Mobility Online-gruppe, v/Robin Verkerk, NTNU

EWP Dashboard 6.0 – kva er nytt? v/Elisabeth Fennefoss Balchen, UiA og Lise Bakke Brønbo, OsloMet, medlem av European University Foundation EUF

Det vil bli moglegheiter til å stille spørsmål undervegs og etter presentasjonane.

Målgruppe: alle som jobbar med ESCI, digital infrastruktur og internasjonalt samarbeid ved institusjonane, eksempelvis tilsette som jobbar med IT, internasjonalt samarbeid, FS og dei europeiske universitetsalliansane.

Påmeldingsfrist

19. november 2025 kl. 09.00
(CET)