Hopp til hovudinnhald

Digitale læringsavtalar med Erasmus Without Paper. Ein workshop for nybegynnarar.

Korleis kan høgare utdanningsinstitusjonar utveksle digitale læringsavtalar gjennom Erasmus Without Paper (EWP)? Vi inviterer til demonstrasjon av verktøya EWP Dashboard og Mobility Online.

Tidspunkt: 15. oktober 2024 kl. 07.00- 15. oktober 2024 kl. 08.30
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Gjennom European Student Card Initiative ønsker Europakommisjonen å forenkle dei administrative prosessane knytt til studentmobilitet.

Du finn informasjon om heile initiativet her: European Student Card Initiative - Erasmus+ (europa.eu)

Eit av tiltaka er å digitalisere læringsavtalen mellom student og sendarinstitusjon, og kommisjonen har sett eit mål om at 95 % av alle læringsavtalane skal vere digitale innan 2025. Fleire institusjonar i Noreg er godt i gang, men nasjonalt er vi framleis et godt stykke unna dette målet.

Dei aller fleste høgare utdanningsinstitusjonar nyttar verktøyet EWP Dashboard for å utveksle digitale læringsavtalar, medan fleire vurderer å gå over til Mobility Online. I denne økta vil EWP Champions i Norge, Universitet i Bergen og VID, gje ei innføring og gjennomgang av digitale læringsavtalar i disse to systema.

Vi ønsker å legge til rette for erfaringsdeling mellom deltakarane, og det vil bli tid til spørsmål.

Det blir ikkje gjort opptak av møtet.

Program:

  • Velkommen v/Lene Krogh Baldersheim, HK-dir
  • Digitale læringsavtalar med EWP Dashboard v/Kristin Torp Skogedal, UiB
  • Digitale læringsavtalar med Mobility Online v/Ulik Thomsen, VID
  • Erfaringsdeling og spørsmål
Sjå også:
Påmeldingsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no