Hopp til hovudinnhald

Tre lærarar får pris for sine framifrå eTwinning-prosjekt

Publisert: 29. april 2026

Tre norske lærarar er heidra med prisen Årets eTwinnarar for 2025, for sine engasjement i digitalt internasjonalt samarbeid i skulen.

Gjennom eTwinning har dei gjeve elevane nyskapande og autentiske læringssituasjonar, kontakt med jamaldrande i andre land og ny motivasjon for språk, fag og fellesskap. Som premie får alle vinnarane eit sertifikat på prisen, samt eit gåvekort på 5000 kroner.

Ta ein titt for å sjå kva dei har klart:

Språkglede og spel i tysk-undervisninga

Sarka Hegvik, Huseby ungdomsskole
Prosjekt: Spiele für Deutschunterricht

Bildet av en skjerm der ulike elever samarbeider.

Gjennom eTwinning‑prosjektet Spiele für Deutschunterricht har Sarka Hegvik gjeve elevane sine høve til å bruke tysk i ekte kommunikasjonssituasjonar. Prosjektet starta med ein enkel plan om presentasjonar, digitale møte og spelutvikling saman med partnarskular, men vaks raskt til eit meir omfattande samarbeid meg høgt engasjement.

– Eg ønskte å gje elevane ei reell og meiningsfull oppleving av tysk språk i bruk, seier Sarka Hegvik.

Undervegs viste elevane sterk motivasjon og tok aktivt del i vidare utvikling av prosjektet. Arbeidet gav også læraren nytt innblikk i elevane sine styrkar og ferdigheiter.

– eTwinning‑prosjekt avdekkjer andre kompetansar hos elevane som eg elles ikkje får auge på i vanleg undervisning.

For Hegvik har eTwinning blitt eit viktig verktøy for utvikling av både elevane og ho sjølv, i arbeidet med tyskfaget.

– Det er heilt ubeskriveleg kva eit eTwinning‑prosjekt avdekkjer for meg, og kva eg lærer om elevane mine.

Dette er ikkje første gong Sarka vinn pris for framifrå eTwinningprosjekt. I 2024 vann ho pris for sitt prosjekt retta mot deling av juletradisjonar på tvers av landegrenser.

Levande latin på tvers av landegrenser

Cinta Alcon Franch, Sandnes vidaregåande skule
Prosjekt: Fabulam Ovidii legimus

Bilde av en padlet.

I prosjektet Fabulam Ovidii legimus har Cinta Alcon Franch latt elevar bruke latin aktivt saman med jamaldrande i andre europeiske land. Elevane har delteke i digitale samtalar på latin og arbeidd kreativt med tekstar av den latinske forfattaren Ovid.

– Prosjektet har hatt som mål å bruke latin både munnleg og skriftleg, seier Cinta Alcon Franch.

Gjennom videomøte, Padlet‑presentasjonar, ordlister og samarbeid over video fekk elevane praktisert språket på ein måte som går rett inn i kompetansemåla men som også bidreg med friske pust i det som fort kan verte ein monoton skulekvardag.

– Eg ønskte at elevane skulle lære på ein engasjerande måte.

Særleg givande, seier Cinta, har det vore å sjå elevane ta eigarskap til språket i møte med andre elevar.

– Å sjå elevane engasjere seg i samarbeid med andre elevar på latin har vore det mest givande, seier ho.

Fred som felles europeisk prosjekt

Renate Furenes, Sviland skule
Prosjekt: Next Challenge: Peace!

En skoleklasse ser på en lærer som står og holder opp en PC.

Renate Furenes har arbeidd med eTwinning sidan 2013, og blir i år premiert for prosjektet Next Challenge: Peace!

Her har elevar frå fem europeiske land samarbeidd gjennom eit heilt skuleår med fred som overordna tema, gjennom ei rekke aktivitetar og metodar som syner tematikken frå ulike perspektiv.

– Dette bidrar til at læringen blir mer autentisk for elevene, det skaper variasjon i undervisning og motivasjon hos elevene. De får verdifulle erfaringer med samarbeid på tvers av landegrenser, seier Renate Furenes.

Prosjektet bestod av ni felles utfordringar, mellom anna arbeid med fredssymbol, språk, song, film og digitale møte, noko dei fekk kopla godt til lokal læreplan.

– Når alle oppgavene var ferdig hadde vi fått bokstaver til å skrive "I am a peacemaker".

Den erfarne eTwinnaren forklarer at dette prosjektet var stort, men at arbeidsmåtane det opnar for gjev stor meirverdi gjennom engasjementet det skapar og variasjonen det bidreg med i kvardagen til både elev og tilsett.

Renate har tidlegare vunne fleire prisar for sitt gode arbeid innunder eTwinning – seinast i fjor, med eit prosjekt retta mot å lære om koding og spel saman med andre europeiske land.

Bli med i eTwinning-familien, du òg!

eTwinning mottek og godkjenner søknader kontinuerleg gjennom året, og me ønskjer deg, dine idear og ditt engasjement meir enn velkomne – skulle du ønskje det. Til dei som skulle lure på å prøve, har vinnarane følgjande råd:

Sarka: Prøv det, og sjå sjølv!

Cinta: Det kan være utfordrende å komme i gang, men det er absolutt verdt å prøve. Elevene vil sette pris på det, og du som lærer vil også ha glede av prosessen.

Renate: Dersom du er ny i eTwinning, vil eg tilrå å starte med eit mindre prosjekt som varer i nokre få veker, som dømevis å utveksle påsketradisjonar, uteleikar eller liknande.

eTwinning

E-post:etwinning@hkdir.no